Evaluering av L97
Tema og leik har fått solid fotfeste for 1-4. klasse

Skolane i 7 fylke har kome forbløffande langt i realiseringa av L97 på småskolesteget (6-10 åringane) alt det 1. reformåret .

Dette syner ei spørjeundersøking som har gått ut til samtlege skolar i Hordaland, Rogaland, Nordland, Finnmark, Hedmark, Buskerud, og Vest-Agder. 531 skolar har svara, ca halvdelen av alle skolane. Arne Trageton, Anny Hagesæter og Solveig Helming, som alle underviser i vidareutdanning i «Pedagogisk arbeid på småskolesteget» ved Høgskolen Stord/Haugesund står bak undersøkinga. Dei to sentrale hovudpunkta i den nye læreplanen når det galdt småskolesteget er temaorganisert undervisning og den breie plass for frileik og leik som dominerande arbeidsmåte. Dette krev endra fysisk miljø, utbygging av skolane og endra klasseromsinnreiing.

Temaorganisert undervisning

er som kjend meiningsbærande einingar på tvers av fag. Omfanget av denne var i gjennomsnitt fylgjande:

1.klasse 69%
2.klasse 57%
3.klasse 41%
4.klasse 37%

Alt fyrste prosjektåret nærmar ein seg det gjennomsnittet på minst 60% som L97 krev! Undersøkingar berre 2 år tidlegare gav indikasjonar for at det i den «gamle» småskolen var vanleg med 5-15 % temaundervisning. Skolane i dei sju fylka har kome oppsiktsvekkande langt i omlegging frå ein fagoppdelt undervisning til den tverrfaglege temaundervisninga. 3. og 4. klasse var ikkje reformklassar skoleåret 97/98. Likevel har temaundervisninga fått ein brei plass, og nærmar seg krava frå L97. Dette syner ei radikal omlegging av den tidlegare fagoppdelte undervisninga. Ein tilsvarande undersøking for berre to år sidan synte 5-15% temaundervisning på tvers av fag i den gamle småskolen (7-10 åringer). Men spreiinga frå skole til skole var svært stor, frå skolar som mest ikkje hadde temaorganisert undervisning til skolar der mest all undervisning var temaorganisert. Men hovudtyngda av skolane låg mellom 50-80% i 1. klasse, 20-60% i 4. klasse

Antall tema i året varierte frå 9 i 1. klasse til 7 i 4. klasse, i gjennomsnitt. (Høyringsutkastet for L97 tilrådde inntil 6 tema i året). Men variasjonen var enorm, frå 2-4 tema til 40 på nokre skolar! Dei siste har truleg i for stor grad lete seg styra av framlegga til tema i dei einskilde lærebøkene istaden for å bygga opp sin lokale temaplan. På etterutdanning/ videreutdanningskurs er det påfallande at skolane rapporterar at tema som gjekk over meir enn ein månad fungerte best, og at dei neste år vil redusere talet på tema for å få større fordjuping

Leik

er den andre store radikale utfordringen. L97 krev 247 timar til frileik på timeplanen (friminuttleik og SFO kjem i tillegg), og leik skal brukast som dominerande arbeidsmåte i temaundervisninga og i einskildfag. Gjennomsnittsresultata vart slik:
Frileik Leik som arb.måte Totalt
1.klasse 4,8 5,7 10,5
2.klasse 2,7 3,8 6,5
3.klasse 1,6 2,5 4,1
4.klasse 1,3 2,1 3,4

Kommentar:

For alle som var bekymra for at leiken skulle forsvinne med senka skolestart, må dette vera svært gledelege resultat. Dei førte til 1. sideoppslag i Aftenposten «Leker 100 timer for mye». ( i relasjon til 247 timars ramma). Det vart fylgd opp av diskusjon i dagsnytt same kveld der Lilletun som var mot senka skolestart, måtte innrømma at starten på reformen hadde gått mykje betre enn frykta, og ville skryte uhemma av lærarane som i så stor grad hadde realisert intensjonane frå L97 på dette punktet. Inge Lønning derimot var svært bekymra for at den store frileiksmengda kunne gå utover det faglege. For å berolige han, kunne eg opplysa at mange skolar hadde vald «Leik» som «Skolen og elevens valg» for dei yngste borna og dermed kunne dei auka frileikstida svært mykje, utan å ta timar frå faga.

Timetalet med frileik er størst i 1. klasse og minkar for kvar klassesteg. Dette er i samsvar med L97. Men det er neppe sjølvsagt at timar der ein brukar leik som arbeidsmetode skal minka like mykje. For å betre kvaliteten på leiken trengs etterutdanning og vidareutdanning av lærarar som kan lite om leik, og førskolelærarar som ikkje har røynsler med leik på dette alderssteget, og i institusjonen skole.

Leikformer

1. og 2. klasse synte gjennomsnittet ei jamn prosentfordeling mellom rolleleik, konstruksjons- leik og regelleik. Ved overgang til 3. klasse vart regelleiken den dominerande. Rolleleik og konstruksjonsleik dominerar i barnehagen, medan regelleiken har dominert i skolen. Men undersøkinga vår syner no eit sterkare innslag av rolle/konstruksjonleik også på høgre klassesteg. Dette er truleg meir gunstig for m.a. norsk og matematikk.

Fysisk miljø

Tema og leik set heilt andre krav til fysiske miljø enn «tradisjonell» skole. Staten bevilga som kjend pengar til nybygg berekna ut frå 5m² pr. 6-åring. Spørjeundersøkinga syner at det har vore bygd svært lite frå 1990-95, men svært mykje dei siste tre åra, men mesteparten er påbygg av gamle skolar. Resultata syner at 1. klasse som forutsatt har fått eit mykje større areale enn 2. klasse, ca 100 m² pr. klasse. Etter tildelinga av statlege midlar burde det ha blitt 28x5= 140m² Truleg har pengane forsvunne i auka byggeprisar. Einskilde kommunar har vore så framsynte at dei bygde i 1990-95 medan byggeaktiviteten var låg. Det har dei truleg spara kommunane for mange millionar kroner.

4m² pr. 6 åring er likevel bra romsleg, Vaksvik: «Skolebygg og anlegg» går inn for 3.m² pr 6-åring, 2 for 7-10 åringar, altså 84m² for 1. klasse, 56m² for 2-4 klasse. I 2-4 klasse er gjennomsnittet 60-65 m², litt over Vaksvik sin norm. (Alle tala er totalareale:base/klasserom+grupperom+evt. fellesrom for fleire klassar)

Kvadratmeter er ein ting, men plassering kan vera vel så viktig. Diverre syner resultata at 1. klasse i fulldelte skolar er isolert frå 2. klasse, og ofte i eigne bygg på 1/3 av skolane. Dette vanskeleggjer samarbeidet mellom 1. og 2. klasse.

Innreiingsform

1. klasse

I fulldelt skole er krokinndeling det vanlege i mest halvparten av skolane. Her står altså «barnehagetradisjonen» sitt innreiingsideal sterkt.

2. klasse

I fulldelt skole har no ein markant auke av «tradisjonell skole» til mest 1/3 av skolane, Dersom 1. klasserommet er fysisk isolert fra 2. klasserom er skilnaden på 1. og 2. klasse enno større. I 2. klasse er det framleis mest allmennlærarar som arbeider. Er det skilnaden mellom barnehagekode og skolekode som her kjem til syne? (Haug 1991 og 1995).

Men gruppeinnreiing utan krokar er vanleg både i 1. og 2. klasse (mest 1/3 av skolane)

Tidsorganisering

Fleksible, lengre økter dominerer stort i dei fleste skolane i 1. klasse, medan svært få skolar har einskildtimar som vanleg tidsorganisering. Også i 2. klasse har over halvparten av skolane kryssa av for fleksible økter eller kombinert med dobbel/einskildtimar. Dette samsvarar med krava frå Stortinget og L97 om ein meir fleksibel organisering av skoledagen. Små variasjonar frå fylke til fylke.

Samvariasjonar mellom tema,leik og fysisk miljø

Dei skolane som hadde kryssa av fleksible økter som den mest vanlege undervisningsform hadde opptil 50% meir tema i 1. og 2. klasse enn dei skolane som hadde kryssa av for einskildtimar. Dei skolane som kryssa av på krokinndeling i 1. og 2. klasse hadde opptil 40% meir tema enn dei som kryssa av på individuell eller paroppstilling.

I 1. og 2. klasse var det nær samanhang mellom høg leikprosent og stort innslag av tema. Ein låg leikprosent samsvara med lågt innslag av temaorganisert undervisning

Timetalet brukt til leik er høgare på skolar der dagen er organisert i fleksible økter og lågare når dagen er organisert i enkelt timar. Timetalet brukt til leik er høgare når klasserommet er innreia i krokar og lågare når klasserommet er innreia med pulter på rekker. Er det arbeidsmåtane som styrer val av innreiingsform eller er det innreiingsforma som styrer val av arbeidsmåtane?

Det var som venta meir temaarbeid der totalarealet var stort, enn skolar som hadde mindre areale. Men skilnadene var små. Men svært overraskande var det at det var meir leik på skolane med lite areale enn på skolar med stort areale. Kva kan årsaka vera? Kan det å ha det trangt inne, stimulera til meir uteskole, som igjen stimulerar til meir leik? Har ein i dei romslige skolane likevel ikkje i stor nok grad innreidd for leik? Er til sjuande og sist haldningane til personalet meir avgjerande enn arealstorleik?

Vegen vidare

Vi er imponert over lærarstanden og positivt overraska over kor langt skolane i gjennomsnitt har kome alt det fyrste prosjektåret når det gjeld tema leik og fysisk miljø på småskolesteget.

At skolane alt fyrste reformåret har nådd så langt i kvantitativt omfang på tema og leik i relasjon til normene i L97 reiser enno viktigare kvalitative spørsmål som må vurderast og diskuterast på kvar einskild skole: Korleis skal den dominerande temaundervisninga bli kvalitativt best, også i å effektivisera undervisninga i alle fag? Vert noko fag skadelidande? Kva slags tema har vår skole diskutert seg fram som dei mest sentrale og beste tema? «Mindre gode» tema vi må kutta ut neste år? Har alle skolane ein gjennomdiskutert 4 årsplan for temaval på småskolesteget? Vert denne kontinuerlig drøfta og revidert? Kva blir definert som frileik? Korleis organisera gode valmuligheter for ulike leikformer? På kva måte brukar ein leik som arbeidsmåte? Gode døme? Mislukka døme? Korleis kan leiken stimulere temaundervisninga? Kva tema stimulerer best til kva slags leik? Kva fysisk miljø er gunstig for tema og leik? Bør ein laga spesielle rom for 1. klassingar eller bør alle klasseromma vera innreidd som verkstader for arbeidsmåtane på småskolesteget (skapande verksemd, leik og praktisk arbeid). Dermed kan klassen kan ha same klasserom i 4 år, men der 1. klassingane får ekstra areale i form av grupperom? Kva er god innreiing for tema og leik i klasserommet? osb osb. Slike spørsmål har vi i lengre tid diskutert i vår vidareutdanning i «Pedagogisk arbeid på småskolesteget» ved Høgskolen Stord/Haugesund. Gjennom pensumbøker, førelesarar frå inn- og utland, drøftingar og samarbeid med våre studentar vil kvart einskild spørsmål i åra framover vera utgangspunkt for grundigare, kvalitative studiar på området. I det vidare forskingsarbeidet vil vi fordjupe oss i kvart vårt område, slik:

Arne Trageton: Tema

Anny Hagesæter: Leik

Solveig Helming: Fysisk miljø

Gjennom rettleiing og analyser av studentane sine praksisrapportar og prosjektoppgåver på dei tre områda, og ved grundigare djubdestudiar ved eit par skolar i Hordaland og Rogaland på kvart av områda, vonar vi å utvikla større kunnskap på områda.

Trageton (1997) Leik i småskolen. Fagbokforlaget

Trageton, Hagesæter, Helming (1998) Kartlegging av tema, leik og fysisk miljø på småskolesteget.

Høgskolen Stord/Haugesund